Draumen me ber på

Publisert 9. mai, 2026

«Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje –

at tidi skal opna seg,

at hjarta skal opna seg,

at dører skal opna seg,

at berget skal opna seg,

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.»

Olav Håkonson Hauge

 Kåret til Norges beste dikt gjennom tidene.
:::::::::::::::::::